Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

I brevet frå Meldahl heiter det at dette skjedde om våren. Men vi må gi bygdebokforfattaren Hans Hyldbakk rett når han meiner det må ha gått lenger tid mellom ulykka og oppgjeret av dødsbuet. Truleg har drapet skjedd hausten 1774, noko som også stemmer med at bjørnen rispa korn på åkeren.

II - Dragset
«Tog han Pigen med Kløerne fat»

Den 13. Mai 1775 blir ei 18-årig gjetarjente drepen på Dragset i Bøfjorden. Ho sat med bundingen og strikka da bjørnen kom. Tradisjonen fortel at ho sprang rundt eit einerkjerr før han fekk fatt på henne: Folk fann bundingsgarnet snarra tre gonger rundt treet.

Mannbjønnen tek Gunnhild Dragset

Både dato og detaljar rundt ulykka er dokumentert gjennom den samtidige Dragset-visa («En ny Viise om tvende ulykelige Hændelser»). Visa er skriven av den «paa Gaarden sig da opholdende blinde Bondepige ved Navn Maria Jonsdatter Dragset» og skildrar først ei ulykke den 22. mars 1775, da to gutar omkom i båt ute på Bøfjorden. Desse to var endatil brør av henne som bjørnen drap «før trettende Maij var leden hen», som visa seier.

(Fotnote eller «faktaboks» om visa:) Dragset-visa var i si tid trykt, fortalte Maret Vullum (fødd 1835) til folkeminnegranskar Edvard Langset i 1918. Den trykte utgåva er borte, men på garden Mo i Hemne vart ei avskrift funnen i ei gammel kvitteringsbok. Der hadde (alt i 1777) ein gut på 12 år med eiga handskrift kopiert visa vers for vers. Per J. Mo sendte avskrifta til Nordmøre Historielag, som i 1924 trykte «Dragset-visa» i si årbok.

Utdrag frå dei i alt 26 versa fortel om bjørnedramaet. Jenta ropa om hjelp, og folk ved garden høyrde henne:

Saa snart de hørte hendes Raab,
toe Mands Personer strax for op,
for Faarrene at redde.
De tenkte ey at Pigen her
for Faarrene sit Liv ombær,
før de fandt hendes Klæder
og Blodet Marken væder.

Og hendes Legem saa de da
at Biørnen tog med bort derfra
og ynkelig parterre.
Før Skud de gaf udaf sin Haand,
da slap han det udaf sin Tand,
sig hen til dennem vendte
og tænkte dem at hente.

Men det blev ey af Gud tilladt,
dog tog han Pigen med Kløerne fat
over et Gierde springe.
Han rev og tærte den Piges Krop,
tilsidst gik Udyret lenger op,
der hendes Legem nedfasket
og Tørv og Jord paarasket.

Elisabet Dragset (Teigen, fødd 1889) sa at dette skjedde i Krusfatråa aust for garden Dragset. Ei overlevering går ut på at det nemnte bundingsgarnet var snarra rundt ein stein som difor blir kalla Bjønnasteinen, men som ikkje ligg i Krusfatråa. Det er såleis vanskeleg å dokumentere nøyaktig kvar drapet skjedde.



© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s2

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10